Hopp til innhold

Treningssenter og svømmehallar kan opne att på måndag

Måndag kan treningssentera og svømmehallane opne igjen, om dei klarar å følgje smittevernreglane.

Treningsentret BAZ i Trondheim har halde gruppetimar på nett.

Treningssenteret BAZ i Trondheim får opne att måndag om dei følgjer smittevernreglane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Treningssenter, badeland og svømmehallar som klarar å halde smittevernreglane kan opne att måndag 15. juni, opplyser helsestyresmaktene på ein pressekonferanse fredag ettermiddag

Må halde avstand

Treningssentera må sikre at folk held minst ein meter avstand. I gruppetimar med høg intensitet må folk halde minst to meter avstand.

– Det må vere mogleg å halde god avstand til andre som trener. Det vil seie at de ikkje kan vere like mange inne på treningssentera og på gruppetimane som folk har vore før, seier Bent Høie.

Bransjestandarden for treningsverksemdene er laga av Virke i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Virke er hovudorganisasjonen for handel- og tenestenæringar.

Bransjestandarden krev mellom anna stadig vask og spriting av apparat og garderobar. Talet på personar vert avgrensa.

– Sentera må også unngå at det samlar seg kø i ulike delar av lokalet, og sørgje for godt reinhald og at det er lett for besøkjande å vaske eller desinfisere hendene sine før og etter at dei har trent, seier Bent Høie.

Han hadde og følgjande å seie om gjenopninga av treningssenter, badeland og svømmehallar:

– Dette er det mange som har venta på, både små og store idrettsutøvarar og bransjen sjølv.

Les meir: Slik vert treninga når sentera opnar att

Universiteta gjenopnar

Universitet, høgskular og fagskular vil og opne att på måndag.

Under pressekonferansen sa helsestyresmaktene og at det no vert lov å samle opp til 200 personar på arrangement. For private samlingar er gruppestorleiken framleis avgrensa til 20 personar.

AKTUELT NÅ