Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
13. november 2023

Å sørga er ingen sjukdom

Kvart år døyr fleire hundre små barn i Norge, anten i fødsel eller i løpet av dei første leveåra. Skal då foreldra sjukmeldast eller sorgmeldast frå jobbane sine?
Trine%20G_%20Kalstad%201500
Foto: Thomas Andersen

Fagsjef Trine Giving Kalstad i Landsforeningen uventa barnedød (LUB) er blant dei som tek til orde for at pårørande som blir sette ut av sorg, og difor for ein periode ikkje er i stand til å skjøtta arbeidet sitt, skal ha rett på sorgmelding, i staden for sjukmelding.

LUB arbeider i første rekke med dei som mistar barn under fire år. I 2022 døydde 263 barn i aldersgruppa dødfødde og opp til fire år gamle. Sorg er ein naturleg prosess, som ofte gir både fysiske og psykiske reaksjonar. Det er vanleg at foreldre ikkje orkar å komma tilbake til jobb på fleire månadar etter å ha mista barnet sitt.

– Då meiner me i LUB at det er sannare og ærlegare om ein innfører ei sorgmelding som ei forklaring på kvifor arbeidstakaren ikkje er i jobb. Med dagens ordning må ein ha sjukmelding for å kunna vera borte frå arbeidet sitt etter å ha mista eit barn, påpeiker Kalstad.
 

Ein unøyaktig diagnose

Ho viser til at i dag må legen bruka ei såkalla p-diagnose om ein person i sorg skal sjukmeldast. Fordi mange sorgreaksjonar gir symptom ein kan kjenna igjen ved depresjon og angst, blir psykiatriske diagnosar som for eksempel P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, sorgreaksjon, brukt.

– Er du ute av stand til å arbeida fordi du er deprimert, er det naturlegvis det som skal bli gitt opp som grunn i det legen skriv. Utfordringa er at helsestatistikken over årsak til sjukemelding blir feil, dersom sørgande “skjuler” seg bak statistikken over depresjon. Depresjon bør behandlast, mens sorg skal sørgast. For å sørga er ikkje det same som den psykiske lidinga depresjon, understrekar ho.

Fagsjefen legg til at om ein sørgande får ein diagnose på depresjon, kan ein få feil oppfølging og behandling, gjerne antidepressiva. Men forskning viser at behandling mot depresjon ikkje har effekt på sorgsymptom. Dermed får den som slit ikkje rett hjelp.

Å få ein p-diagnose kan også gjera at ein kan slita med å teikna forsikring i fleire år etter diagnosen blir sett, fordi forsikringsselskapa fryktar tilbakefall. For andre kan ein slik diagnose gjera at det blir vanskelegare å få adoptera. Ifølge Kalstad er det mange som synest det er problematisk at det ikkje er tydeleg kva årsaka til sjukemeldinga er. Ho seier det er eit paradoks at ein naturleg forventa sorgreaksjon etter eit barns død, blir definert som sjukdom.

Utfordringa er at helsestatistikken over årsak til sjukemelding blir feil, dersom sørgande “skjuler” seg bak statistikken over depresjon. Depresjon bør behandlast, mens sorg skal sørgast.

– Er sorgmeldinga langt unna?

– Eg håpar ikkje det. Enkelte politikarar frå ulike parti støttar oss, men elles er det dessverre stille. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har også per idag konkludert med at dagens ordningar tek godt nok vare på denne gruppa. Kalstad er skuffa over at styresmaktene kvir seg for å justera litt på definisjonane, all den tid innføring av sorgmelding ikkje betyr at det skal brukast meir pengar.
 

Vær open og ærleg

– Sjukemeldingsordninga er her alt, også for menneske i sorg og som i ein periode ikkje er i stand til å vera i jobb. Me ønsker at ordninga kan fungera slik ho gjer no, men berre med ein annan merkelapp. Det handlar om å vera open og ærleg og kalla ting med sine rette namn. Sorg er ein heilt normal tilstand for oss menneske når me opplever ei krise, og bør nettopp definerast som det, og ikke som sjukdom.

LUB ønsker at kvar enkelt skal få det han eller ho har behov for i si sorg. For mange vil det vera god medisin mot sorga å begynna å (gradvis) jobba etter ei stund, mens for andre vil det krevja lenger tid å komma tilbake i vanleg drift på jobb. Vår erfaring er at når den sørgande blir møtt med omtanke, forståing og fleksibilitet, kjem den arbeidstakaren seg raskare tilbake til jobb, og risikoen for nye sjukmeldingar minkar.

– For å få til ein god overgang tilbake til jobb, er det viktig at både den sørgande og arbeidsgivar har ein open og ærleg dialog om kva ein kan venta av den andre parten, også over tid. Dette inkluderer å avklara kva informasjon kollegaene skal ha.

– Kva mennesketype du er og kva type jobb du har, betyr også ein del for korleis prosessen tilbake til jobben blir for eit menneske i sorg. For somme er det frigjerande å komma i jobb. Dei merkar at sorga blir litt lettere å bera fordi du blir hjelpt til å få litt pausar til å tenka på og gjera noko anna, for andre er det motsett. Det å arbeida med barn til dømes, kan slå begge vegar, somme finn trøyst i andre barn, for andre blir det nesten ikkje til å halda ut, fordi ein stadig blir minna om det ein aldri vil få. Enkelte menneske har større motivasjon for å søke ut og halda seg i gang med andre ting for å halda litt avstand til det vonde , seier Kalstad.
 

Mor blir ofte lengst borte

Arbeidstilhøva på jobb spelar også inn. Har ein arbeid med lite rom for å gjera feil, der ein må vera rask og heile tida skapa resultat, eller jobben inneber å gi mykje omsorg og merksemd til andre, har nokon behov for lenger sjukemelding, eller dei vurderer å byta jobb.

– Når ein er i den råe sorga, er det vanleg at ein slit med minne og konsentrasjon. Motivasjonen for jobben kan også kjennast låg. Sorg kan også gi seg fysiske utslag, som dårleg søvn og verk i kroppen. Ofte er det slik at sorga kjem og går. Og det kan overraska både sørgande og arbeidsgivarar. Sjølv om det er to år sidan barnet ditt døydde, kan du framleis ha elendige dagar på jobb, der du brått går heilt ned i kjellaren etter kanskje å ha hatt fleire månadar med fin flyt, forklarer ho.

For somme er det frigjerande å komma i jobb. Dei merkar at sorga blir litt lettere å bera fordi du blir hjelpt til å få litt pausar til å tenka på og gjera noko anna, for andre er det motsett.

Ho blei ein gong ringt opp av ein arbeidsgivar og ein arbeidstakar som saman søkte råd hjå LUB. Arbeidstakar var fortvila og overraska over at ho framleis sleit slik i jobben, fleire månadar etter barnet døde. 

– Eg kunne då normalisera hennar oppleving og gi sjefen gode råd for oppfølging. Kor lang tid det tek å komma seg på jobb igjen, kan avhenge av omstenda rundt tapet. Er tapet svært uventa og traumatisk, kan det ta lenger tid. Vår erfaringer er at kvinner jamt over er lenger borte frå jobb i samband med tap av barn, enn menn.

Ho trur dette har fleire årsaker. Kanskje opplever enkelte menn både eit større ytre og indre press om å komma raskare tilbake, samtidig som mange kjenner det er viktig å ha noko å fylla dagane med.
 

Sorgas ansikt

Når du mistar eit barn før, under eller etter fødsel, er det ei svært kroppsleg hending for kvinna. Ho er barselkvinne utan barn. Heile kroppen hennar skrik etter barnet som ikkje lenger lever. Ho er i tillegg innstilt på å vera borte frå jobb lenge. Mor har rett på seks veker permisjon etter fødselen, men om ho ikkje kjenner seg klar for å gå tilbake til jobb etter denne perioden, må ho over på sjukmelding, forklarer Trine Giving Kalstad.

For somme kan det også halda hardt å komma seg tilbake på jobb innan eit år er gått, og da mister ein retten til sjukmelding. Det gjeld spesielt om kvinna blir gravid på nytt. For ein del blir angstnivået ofte så høgt at nokon ikkje fungerer på jobb. I nokre tilfelle kan mor då få noko som heiter svangerskapspengar, som alternativ til sjukemelding, men dette er berre om barnet i magen kan lida under mors stress. Dei langtidssjukemelde kan difor fort komma opp i eit økonomisk uføre, ifølge Kalstad.

Trine Giving Kalstad sitt inntrykk etter 22 år i LUB, er at dei fleste kjem tilbake til eit meiningsfullt liv etter å ha mista eit barn. Dei lærer seg å leva med saknet, og akseptera at det ein har opplevd har ført til nokre konkrete og eksistensielle konsekvensar i livet sitt, som ein må finna ein best mulig måte å leva med vidare i livet.

LUB arbeider for at arbeidslivet skal bli endå meir forståingsfullt mot denne gruppa arbeidstakarar, slik at alle på sikt blir møtt med fleksibilitet, tolmod og respekt. Og der ein tek høgde for sorgas krumspring. Det går ikkje alltid gradvis betre, ofte blir det opp- og nedturar, i rykk og napp, fleire år etter tapet av barnet, avsluttar Kalstad.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut